

This Color is everywhere er Tone Wolff Kalstad si første soloutstilling. Wolff Kalstad jobber i brytningspunktet mellom fiksjon og dokumentasjon som ho saumlaust flettar saman med teikning. Arbeida hennar blir ikkje berre brukt til å gjere undersøkelsar men og som eit verktøy til å forandre. For utstillinga på Entrée har ho laga nye to- og tredimensjonale skulpturelle teikningar.
Tone Wolff Kalstad(f.1982, Førde) er utdanna fra Kunstakademiet i Oslo 2008, har tidligare studert ved Kunstskolen i Bergen og stillt ut i gruppeutstillingar i inn- og utland.




